Islandsk innvandringsboom til Norge - Rogaland - NRK Nyheter
23.10.2012

Islandsk innvandringsboom til Norge

Elisabeth Haraldsdottir

Elisabeth Haraldsdottir er ein av mange islendingar som har flytta frå Island til Norge. Her saman med barna sine.

Den islandske innvandringa til Norge er meir enn femdobla dei siste fem åra.

I fjor flytta 1625 islendingar til Norge, mot 293 i år 2000. Kvar femte av desse kom til Rogaland, viser statistikk frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

Elisabeth Haraldsdottir flytta i januar til Feøy i Karmøy kommune saman med heile familien. Ho har ikkje angra eit sekund.

- Det har vore veldig kjekt, betre enn forventa, seier ho.

I fulltidsjobb

Haraldsdottir har fått seg deltidsjobb som servitør på Feøy Brygge. Mannen har full jobb på Feøy fiskeoppdrett.

- Me kunne ikkje flytta til eit nytt land utan sikker jobb. Derfor er me glade for å vera i arbeid.

Hør hele intervjuet:


Søkjer lukka på Vestlandet

Island slit framleis med etterverknadane av finanskrisa. Mange er arbeidsledige og søkjer derfor lukka i nabolandet i aust.

- I Norge er det fleire ledige jobbar. Spesielt Vestlandet er populært. Både naturen og folkelynne her liknar på det islendingane er vane med i heimlandet, forklarer Eythor Johannson, leiar av den lokale islandske foreininga på Karmøy.

- Ville ikkje til Oslo

Ifølge statistikken er Rogaland det mest populære fylket for islendingar på flyttefot. Nesten dobbelt så mange frå Sagaøya valde fylket på Sør-Vestlandet framfor Oslo.

Hordaland har nesten like stor innvandring frå Island som hovudstaden.

- Oslo var aldri noko alternativ for oss. Me er bondefolk som likar oss på landet, seier Haraldsdottir på Feøy.

Blir verande i Norge

Islendingar som imigrerer til Norge blir ofte verande. Johannson, som til nå har budd ni år i Norge, har heller ikkje planar om å returnera til gamlelandet.

- Sonen min og resten av slekta bur framleis på Island, men eg er komen for å bli.

- Trur du også dei fleste andre som flyttar til Norge blir buande?

- Ja, det trur eg. Når folk blir integrerte i samfunnet er det vanskeleg å flytta. Og så ha me det så godt i Norge, seier han.

Fylke:Talet på innvandra personar frå Island, 2005:
Talet på innvandra personar frå Island, 2009:
Østfold1034
Akershus49246
Oslo61169
Hedmark728
Oppland016
Buskerud14110
Vestfold866
Telemark146
Aust-Agder1022
Vest-Agder2271
Rogaland27293
Hordaland32154
Sogn og Fjordane557
Møre og Romsdal1898
Sør-Trøndelag1349
Nord-Trøndelag512
Nordland360
Troms641
Finnmark253
Totalt:2931625

Siste: NRK Rogaland